Gå til bestilling

om gloppefjord

Gloppefjord sommarhotell ligg på Vereide, 6 km frå kommunesenteret Sandane  og 4 kilometer frå Sandane lufthamn Anda. Sommarhotellet ligg lett tilgjengelig ved E39 –E39 er hovudvegen langs kysten frå Kristiansand til Trondheim. Det er ca. 200 meter å gå til næraste busstop, med daglige bussavgangar til Oslo, Bergen og Trondheim.

Sandane er omringa av fagre fjell og flotte fjordar, kommunen  er ein aktiv landbrukskommune, du finn museum, antikvitetar og gamle kyrkjer, her er elver og fine fiskevatn. Med utgangspunkt i Sandane kan du ha flotte dagsturar til spektakulære Stadt og kvite strender på Refivksanden, Selje Kloster, Norsk Bremuseum, Josterdalsbreen, Briksdalen, eller du kan ta ferja mellom Hellesylt og Geiranger.

For å lese meir om regionen –sjå www.nordfjord.no
På hotellområdet har vi sandvolleyballbane, fotballbane, buldrevegg, badestamp, bålplass, og stort grøntarealet. Gloppefjord Sommarhotell er eit roleg alternativ, passar godt for par og vener, er familievenleg og er eit godt utgangspunkt for ein aktiv ferie.

Sjå også Sandane Vandrerhjem for overnatting.

Visit Fjord Norway    Forside

Gloppefjord Sommarhotell Vereide, 6823 Sandane Telefon: 57 86 80 40 | Fax: 57 86 80 50 | Epost: post@gloppefjord.no
Gloppefjord sommarhotell og Sandane vandrerhjem er sommartilbod frå Nordfjord folkehøgskule