Gå til bestilling

aktivitetar pÅ omrÅdet..


På denne sida finn du litt informasjon om aktivitetar som passar for personar i alle aldrar.

Gapahuken
I 30-40 minutts gåavstand frå hotellet finn du gapahuken - lett gange på bilveg/skogsveg/sti.

Den ligg fint til i furuskogen med flott utsyn over fjella og fjorden. Ved gapahuken er det

bålplass, og ved til bålet ligg klar til bruk.

Gamma
Om du er interessert i å gå litt lenger - men likevel ikkje har tenkt deg på ein strabasiøs

topptur, anbefalar vi ein tur til Tystadstøylen. Her ligg gamma vår, og om du vil kan du og

familien overnatte her! Det tek om lag 2 timar å gå frå sommarhotellet til gamma.

Sandvolleyball
Vi har sandvolleyballbane på området.

"Utekjøkken"
Sommarhotellet har eigen bålplass. Her er det flott å sitte utover ettermiddagen når sola

steiker, eller kanskje på kvelden når varmen frå bålet tek over etter sola?

Buldrevegg
Om veret skulle vere dårleg eller du berre har lyst til å utfordre deg sjølv - er det berre

å bruke den innandørs klatreveggen. Veggen har ulik vanskeligheitgrad. Bruk av eige utstyr.

Gymsal
Gymsalen er utstyrt med ballar, nett, køller og matter.

Fotballbane
For ein uhøgtidleg match..


Badestamp
Freistar det med eit dampande varmt bad? Kontakt resepsjonen for bruk av badestampen.

Sykkelutleige

Sjå Nordfjord Adventure

Som gjest hos oss brukar du syklane fritt i nærområdet.


Utleige av båtar - kano, kajakk og Nordfjordbåtar
Sjå Nordfjord Adventure

 

aktivitetar i Gloppen..

Glad i å spele golf

Sandane Glofklubb er ein attraktiv golfklubb. Prøv deg på Noregs tøffaste par 3 hol og samtidig

studere laksen i Gloppenelva som renn like ved. Bana er er ikkje lengst og størst, men..

 



Gloppefjord Sommarhotel Vereide, 6823 Sandane Telefon: 57 86 80 40 | Fax: 57 86 80 50 | Epost: post@gloppefjord.no
Gloppefjord sommarhotell og Sandane vandrerhjem er sommartilbod frå Nordfjord folkehøgskule