![]() |
Gloppefjord Sommarhotell ligg flott til på Vereide, Sandane - med fjell og fjord som næraste nabo. Det tek fem minutt å gå ned til fjorden, og om du vil kan du starte fjellturen rett utanfor døra. Naturen er storslagen, og berre få kilometer frå hotellet kan du gå på mange fjelltoppar på over 1000 meter.
Sandane er omringa av fagre fjell og flotte fjordar, kommunen er ein aktiv landbrukskommune, du finn museum, antikvitetar og gamle kyrkjer, her er elver og fine fiskevatn. Med utgangspunkt i Sandane kan du ha flotte dagsturar til spektakulære Stadt og kvite strender på Refivksanden, Selje Kloster, Sunnmørsalpane, Norsk Bremuseum, Josterdalsbreen, Briksdalen, eller du kan ta ferja mellom Hellesylt og Geiranger.
Sjå også Sandane Vandrerhjem for overnatting.
![]()
Marianne den 24. mai;
Vi har hatt ei flott opningshelg - med ein hyggelig grillfest for å feire oss sjølve på laurdag! Takk for ein bra start :-)